Fallesjuke

Krim • Romaner

Fallesjuke

Under Ekstremsportveko på Voss fell ein fallskjermhoppar i bakken for auga på hundrevis av forferda tilskodarar. Hopparen, småbarnsmora Veslemøy Liland, omkjem. I ettertid viser undersøkingane at fallskjermen hennar var tukla med, og at ein har å gjere med eit drap. Den tidlegare VG-reportaren Agnes Tveit, som no har flytta heim, finn tilbake til yrket sitt når ho begynner å leite etter svar i si eiga ungdomstid. Ho oppdagar at den vakre vestlandsbygda skjuler mørke hemmelegheiter. Randi Fuglehaug er forfattar og frilansjournalist frå Voss. Omtalen er utarbeidd av Biblioteksentralen.
ForfatterRandi Fuglehaug
Utgitt2020
Inngår i serieVossatrilogien (1)

Mer fra Vossatrilogien

    Relaterte temalister (2)