Anbefales
Viss eg hadde hale

Bildebok

Viss eg hadde hale

Tenk om du ein dag vaknar opp og har vengar i staden for armar, eller at du plutseleg kan skifte farge og gå i eitt med omgivnadene, som ein kameleon. Denne boka leikar med tanken om korleis verda hadde vore om vi hadde hatt litt meir av dyra sine eigenskapar. Gjennom absurde og morosame teikningar og tankespinn opnar den opp for at ein sjølv kan fabulere, i tillegg fortel den om kvifor dyra faktisk er som dei er. Boka bør lesast med litt golvplass, så ein kan utforske korleis det er å ha åtte bein, slik som edderkoppen, eller øyre som ein elefant. Dette er ei bok som tek fantasien på alvor. Sakprosa for førskolebarn/småskoletrinnet. Omtalen er utarbeidd av Biblioteksentralen.
ForfatterMats Eldøen
IllustratørSindre Wexelsen Goksøyr
Utgitt2019

«Klassisk tankespinn for barn»

Kva moglegheiter arta seg om du fekk dyras eigenskaper? Denne boka er til dei som liker å drøyme seg bort. Dei morsomme illustrasjonane sett fart på fantasien. Tankane spinn lenge etter boka er lagt vekk

Passer for deg som ...

vil ha både fakta og fantasitje

PerPerDeichman