
Olaug Nilssen les Anne-Cath. Vestly
«Kvifor appellerer denne familien med åtte små, to store og ein lastebil til mine barn med ein familie på tre små, to store og ein elbil?» Anne-Cath. Vestly er kjend som «heile Noregs mormor». Men kva om ho faktisk var bestemora di? Det har Olaug Nilssen tenkt ganske mykje på. I familien hennar går det nemleg eit rykte om at Vestly var kjærast med farfaren, og den innbilte slektskapen har ført dei saman på eit vis. Men no les Nilssen Anne-Cath. Vestly med eit friskt og kritisk blikk. Kan vi verkeleg tru på lykka i familien med dei åtte ungane, så fattige som dei er? Finst det noko i desse bøkene som barna i dag kan kjenne seg igjen i?
| Forfatter | Olaug Nilssen |
|---|---|
| Utgitt | 2020 |