Anbefales
Du vil kjenne eit lite stikk

Romaner

Du vil kjenne eit lite stikk

roman

Eigentleg har alt gått på skinner for Hanne så langt i livet. Dei gode karakterane frå vidaregåande har ho veksla inn i seks år på medisinstudiet. Ho har lyse utsikter, gode intensjonar og altfor stor kvit frakk, men det viser seg å vere langt frå lesesal til akuttmottak. Det kan umogleg halde i lengda. Det er ikkje noko som er meir vaksent enn å vere doktor på ordentleg. På gode dagar reddar ein liv, men døden kjem vel så ofte. Hanne prøver hardt å vere flink lege , medan ho manøvrerer mellom trøytte bakvakter, rasande pårørande og ei overhengande frykt for å gjere feil. Så skjer det som ikkje skal skje. Hanne si verd ramlar saman, og ho byrjar å tvile på sin eigen verdi både med og utan stetoskopet kring halsen. Du vil kjenne eit lite stikk er ei forteljing om skuld, straff og forsoning - og om å møte den rette i livet.
ForfatterIngvild Skølt
Utgitt2025

«Turnuslege med impostorsyndrom»

Ein lettlest, reflektert og velskriven roman med humor og alvor, drama og romantikk. Ei ung kvinne slit med overgangen frå legestudiene til turnusarbeid. Flink pike-syndromet har gitt gode karakterar; ho kom naturlegvis inn på legestudiet - men ønskjer ho eigentleg å bli doktor? Kan ho nok til å hjelpe folk? Og kva viss ho gjer feil?

Passer for deg som ...

har "flink pike"-syndrom eller er nysgjerrig på korleis det følast

OdaOdaDeichman
«En roman som stikker meg midt i hjertet!»

Ingvild Skølt har skrevet en fascinerende historie om Hanne som går fra å sitte på skolebenken til å jobbe som doktor "på ekte". Hannes tanker og indre følelsesliv blir veldig gjenkjennelig hvis du som leser kjenner til "flink pike"-syndromet. Perfekt for deg som leter etter en gripende bok!

Passer for deg som ...

trenger en påminnelse om at det finnes andre usikre mennesker der ute!

SiriSiriDeichman