
Den mystiske krukka
Tore har ikkje telt, og han har heller ikkje råd til å kjøpe eit. Derfor får han ikkje bli med Preben og gjengen på telttur. Ein dag kjem mora hans heim med ei gamal krukke dekorert med våpenskjold. Tore undrast på om krukka kan ha noen verdi. I jakta på svar kjem Tore til ein skummel antikvitetshandlar i Bergen og videre til Skottland. Krukka gjer også at dei vaksne begynner å krangle om pengar, og det viser seg at foreldre ikkje alltid er til å stole på. Tore er i ferd med å gi opp heile greia, men så dukkar det opp hjelp frå uventa hald. Og ein ny venn. Forteljing for småskole-/mellomtrinnet.
| Forfatter | Solveig Blindheim Bendixen |
|---|---|
| Utgitt | 2022 |