
Munn mot tømmeret
dikt
Munn mot tømmeret skildrar ein far som blir borte, og eit eg som forsøker å finne fram i verda i dette fråværet. Landskapet er heftig og omskifteleg: Frå jordskorpa som sprekk under døyande dyr, til regn på det trettande døgnet. Men innimellom finst det òg parentesar av sommar, med kortslege gras i frukthagen og ripsflekkar på shortsen. Svanhild Amdal Telnes si tredje diktsamling blandar sorg og livsglede i ei rekke konsentrerte dikt, som til saman blir ei forteljing om kva ein far etterlèt seg.
| Forfatter | Svanhild Amdal Telnes |
|---|---|
| Utgitt | 2024 |