
Storebror
Tenk så fint å ha ein storebror! Då kunne han ta deg med på fotballtrening og passe på deg når du tek skulebussen. Men det er neimen ikkje godt å si om det alltid er slik det er å ha ein storebror. Og nokon har berre ein irriterande veslesyster. Dette er ei bok om å ynskje seg ein storebror. "Leseland - nivå 2" eignar seg for barn som klarer å lese små tekstmengder. Bøkene har 15-25 ord per side, og mange illustrasjonar, med tekst direkte kopla til bileta. Lettlesen for småskoletrinnet.
Forfatter | Maria Parr |
---|---|
Illustratør | Åshild Irgens |
Utgitt | 2019 |
Inngår i serie | Leseland. Nivå to. Kom i gang |