
Istid
Dei norske trettenåringane Jamal og Eira er om bord på forskingsskipet Bluenose. Begge har fedrar som jobbar på skipet. Forskingsskipet skal leite etter fisk og andre livsviktige matkjelder i Atlanterhavet. Jamal er verkeleg interessert i oppdraget, medan Eira er med mot sin vilje. Då skipet hamnar midt i ei brutal krigssone forstår Jamal og Eira at dei små kranglane dei har, blir uviktige i møte med det stormfulle havet, menn med maskingevær og ein vulkan som er i ferd med vakne. «Overleve» er ein ny spenningsserie som tar deg med til ei nær framtid der menneska er utryddingstruga. Spenning for mellomtrinnet. Omtalen er utarbeidd av Biblioteksentralen.
| Forfatter | Tor Arve Røssland |
|---|---|
| Illustratør | Nikolai Lockertsen |
| Utgitt | 2022 |
| Inngår i serie | Overleve (2) |