
Historia om Førde
Bind 2. Førde - samfunn og kultur
Historia om Førde er eit bokverk om kommunen og byen i Sogn og Fjordane. Første bind skildrar historia kronologisk og i historiske periodar, med vekt på dei store endringane etter 1960. Bind 2 går djupare inn i utvalde emne, medan bind 3 byr lesaren med på ei kulturhistorisk reise i det som fram til 2020 var Førde kommune, gjennom alle bygder, grender og bydelar. Dette andre bindet, Førde - samfunn og kultur, inneheld 44 artiklar skrivne av 37 forfattarar, alle med spesialkunnskap om sine emne. Nokre er personlege i stilen og forteljarmåten, andre skriv meir akademisk. Boka har fire delar: Del 1 har artiklar om natur og historie i Førde, frå geologi og forhistorie, til utvandring og krigshistorie. Del 2 skildrar offentlege og private samfunnsinstitusjonar, m. a. skular, helsestell og samferdsle. Del 3 tek opp Førde-identiteten og lokale særtrekk som stadnamn, målføre og byggjeskikk. Del 4 har kunst, kultur, musikk og idrett som tema.
| Redaktører | Torkjell DjupedalTrond Ueland |
|---|---|
| Utgitt | 2023 |