Norwegerstrasse

Reiseskildringer

Norwegerstrasse

frå Berlin til Stalheim via Nordkapp

Jørgen Norheim og hans tyske ven Alexander Haüsser kom over fleire gater i Berlin som var oppkalla etter norske stader og personar, som Griegstraße og Stahlheimer Straße. Alexanders far var i Noreg som tysk soldat då han var ung, og drøymde alltid om å dra tilbake. Då Alexander var sju år døydde han, og no vil Alexander ta turen faren ikkje rakk. Jørgen og Alexander bestemmer seg for å oppsøkje stadene i Norge stadene i Berlin er oppkalla etter. Dei to hadde fedrar som sto på kvar si side av krigen: faren til Jørgen var ein av dei norske prestane som braut med staten under okkupasjonen i protest mot nazistane. Boka handlar om reise og kulturhistorie. Omtalen er utarbeidd av Biblioteksentralen.