
Selja
Sankta Sunniva og heilagøya
Den vesle øya Selja ved Stad ligg i eit framifrå landskap. Her finn ein det største ruinanlegget i landet, og heilagøya er ifølge forfattaren Noregs svar på Iona i Skottland, Lindisfarne i England og Mont St. Michel i Frankrike. På øya står enno klostertårnet i all si prakt, og framfor heilagstaden Sunnivahola ligg det store terrassar. I 996 fann kong Olav Tryggvason relikviar i hola, og Selja vart det første pilegrimsmålet i Noreg. Seinare vart øya bispesete for heile Vestlandet, og mot slutten av 1000-talet fekk Selja eit kloster, sannsynlegvis det første klosteret i landet. Pilegrimar valfarta i middelalderen til øya for å ære Noregs første helgen Sankta Sunniva og Seljumennene. Sankta Sunniva er Noregs einaste kvinnelege helgen, og ho og Sankt Olav reknast som det norske helgenparet. Omtalen er utarbeidd av Biblioteksentralen.
| Forfatter | Torkjell Djupedal |
|---|---|
| Utgitt | 2021 |
| Inngår i serie | Selja reise & kultur |