Anbefales
Støvberar

Romaner

Støvberar

I ungdomen blir Ingeborg frelst, og sidan oppheld ho seg på misjonsstasjonen for å hjelpe dei som treng det og bringe trua og kjærleiken vidare. På 1980-talet drar ho til India for å arbeide som jordmor hos santalfolket, eit folk som har opplevd massiv undertrykking og blitt grovt utnytta i steinindustrien. Men ho spør seg om det vil bli meir himmel på jord av å drive misjon, og om ho sjølv må vere god for å gjere det gode. Ingrid Storholmen debuterte som forfattar i 2001 med diktsamlinga «Krypskyttarloven». I 2010 vann ho Sult-prisen. Omtalen er utarbeidd av Biblioteksentralen.
ForfatterIngrid Storholmen
Utgitt2020

«Å ofre seg for andre, er ikkje det avleggs?»

Eg kjem på dei lutherske orda «forsaking og tru» når eg les om Ingeborg, jordmor og misjonær i India. Og skvett, når eg kjem til ord som fislukt, street smart og kuk. Meir nyansert om misjonsmarka, enn det vi las i søndagsskulebladet altså. Ho har Gud og Kallet, men ingen garanti for framgang og lykke.

Passer for deg som ...

er open for noko eksotisk, som India og misjonsarbeid.

Deichman-ansatt