Jul på Bukken hotell
Den første desember sjekkar Fredrik og foreldra inn på Bukken hotell. Men alt er ikkje heilt som det skal vere der. Ein geitebukk går laus på hotellet, oppunder taket flyg det fuglar med nisselue og skjegg, og Fredrik høyrer rare lydar ingen andre kan høyre. Men alt endrar seg den dagen han treffer nissejenta Fryd. Dei får vite at den fråfalne nissen Krampus har kidnappa Erkenissen, og no er dei nødt til å redde jula og hindre at nissane endar i Den evige kvile. Dette er ein førjulsbok full av juleglede og spenning, delt inn i 24 kapittel. Forteljing for småskoletrinnet. Omtalen er utarbeidd av Biblioteksentralen.
Forfatter | Christian Wiik Gjerde |
---|---|
Illustratør | Ingrid dos Santos |
Utgitt | 2019 |