Jakob og Neikob
stormen
Jakob og Neikob er bestevener og bur i lag, sjølv om dei er heilt ulike, Jakob seier ja til alt, medan Neikob alltid seier nei. Når Spinnvill fyk forbi dei på veg til fabrikken, spør Jakob og Neikob om det er sant at ho kan lage alt mogleg. «Alt mogleg på ein blunk,» seier Spinnvill. Dei blir imponerte og fyller huset med alt mogleg, men når stormen kjem og tek dei opp i lufta oppdagar dei eit dramatisk problem, kloden er fylt av søppel. Dei skjønner at dei må hjelpe Spinnvill, og no veit dei akkurat kva ho må lage. Illustrasjonane er laga i ein retroaktig stil. Billedbok for førskolebarn. Omtalen er utarbeidd av Biblioteksentralen.
Forfatter | Kari Stai |
---|---|
Illustratør | Kari Stai |
Utgitt | 2019 |
Inngår i serie | Jakob og Neikob |