Folkemusikk i Gudbrandsdalen

Folkemusikk i Gudbrandsdalen

(særlig i de nordre bygder) : med musikkbilag og billeder

Ole Mørk Sandviks samling av folkemusikk i Gudbrandsdalen har vore vanskeleg å få tak i. No kjem endeleg boka på nytt, med eit føreord av Sven Nyhus. I 2019 er det hundre år sidan Ole Mørk Sandvik kom ut med fyrste utgåve av "Folkemusikk i Gudbrandsdalen". Denne boka har sidan da vore viktig for berarar av folkemusikktradisjonen i Gudbrandsdalen. Ho er ikkje berre ei samling av gode slåttar og songar, men har også ein akademisk del med analyser og samanlikningar med andre tradisjonar. I tillegg beskriv Sandvik sitt møte med musikken, musikarane og samheldet den var ein del av på tidleg 1900-tal. For ein som er interessert i dette stoffet er det ein sjeldan moglegheit til å gå attende i tid og bli med på desse møta mellom menneskje og musikk. Omtalen er utarbeida av Biblioteksentralen.
ForfatterOle Mørk Sandvik
Utgitt2019