
Det er ikkje natta
roman
I denne ungdomsromanen står gutar sentralt. Roy og Steve er hovudpersonar, og i forteljinga skifter synsvinkelen mellom dei to. Boka skildrar sommaren mellom ungdomsskulen og vidaregåande. Steve er den mest vellukka av gutane: han er den sterke og trygge, medan Roy føler seg utanfor og mislukka. Han flykter ved å ruse seg og skjemst over oppførselen sin dagen etter. Det går så langt at han prøver å ta sitt eiga liv. Venskapen mellom Steve og Roy gårsom ein raud tråd gjennom heile boka. Pubertetsproblem, jenter, tvil og tru,framtidsdraumar og problema i dag er alle viktige element i denne gjennomarbeidde debut-boka til sunnhordlendingen Bjørn Sortland.
| Forfatter | Bjørn Sortland |
|---|---|
| Utgitt | 1992 |