
Søte drops og skarpe knivar
Daniella er 15 år og har fått namnet sitt fordi ho vart unnfanga på danskebåten mellom Kristiansand og Hirtshals. Foreldra hennar er skilde, og ho bor hos faren sin, ein arbeidslaus lærar, som no livnærar seg med forskjellig arbeid, mellom anna med å undervise fremmedspråklege elevar i norsk. Han har eit uvanleg godt drag på damene og rotar seg ofte bort i tinghan har vanskar med å rydde opp i. Ømt overbærande fortel Daniella om ein kjærleg og snill, men håplaus far ho føler ansvar for. Daniella har ei avtale med faren sin - dei skal møtast på danskebåten og saman skal dei ha nokre hyggelege dagar i Danmark. Men han kjem ikkje. Sita, ei tamilsk kvinnesom arbeider på danskebåten, tar hand om ho. Daniella blir forvirra og redd når ho får vete at det er Sita som har bedt faren om å halde seg borte. Pengelaus og uten moglegheit til retrett, blir Daniella med til Danmark, og undervegs skjer ein del ting som nører opp under frykta hennar. Faren må vere innblanda i noko, men kva? Daniella møter "indianaren", ein gut med glattbarbert isse og ei dyreklo i ø
Forfatter | Erna Osland |
---|---|
Utgitt | 1992 |
Inngår i serie | Daniella D. |