
St. Michaels løyndom
Jonas og Julie er på farten igjen. Foreldra er framleis hektisk opptekne av å gjere karriere i vekebladet For Folk Flest, og denne gongen går reportasjeturen til Gibraltar. Der skal foreldra dekkje eit påstått forhold mellom ein norsk Grand Prix songar og ex-Spice-Girl Geri Halliwell. Den mystiske Harry Green tek kontakt på førehand med urovekkjande meldingar. På Gibraltar treffer dei att gamle kjenningar i skurkebransjen, blir blanda inn i menneskesmugling og hamnar i ei rekke farlege situasjonar. Bok nummer tre skuffar ikkje, og den gryande forelskinga mellom Jonas og Julie blir stadig tydelegare og er med på å gje spenninga ein ekstra dimensjon. Serien skal vere eit nynorsk alternativ innan spenningslitteraturen for ungar mellom 9-13 år. Boka spelar på sjangerens premissar med noko typeteikna og lett karikerte bipersonar, mens hovudpersonane er framstilte meir nyanserte. Rollemønstra er snudd litt på hovudet, ungane representerer fornufta, og humoren spelar på dette. Historia har ein klar intrige, der ungane står for sjølve oppklaringa. Handlinga har god framdrift, og historia er velskriven i en enkel, moderne nynorsk språkform. (Annoteringen er utarbeidet av Statens bibliotektilsyns rådgivende utvalg for barne- og ungdomslitteratur).
Forfatter | Bjørn Sortland |
---|---|
Utgitt | 1999 |
Inngår i serie | Julie & Jonas |