Litteratur for barn og unge 2000

Litteratur for barn og unge 2000

årboka

Årboka "Litteratur for barn og unge 2000" er eit forum for kritikk, forskning og formidling av bøker for barn og unge. I denne utgåva hevdar den danske forfattaren, forskaren og kritikaren Torben Weinreich at "Norsk børnelitteratur er bedst, når den ikke er norsk". Årboka inneheld ulike innfallvinklar til emnet kritikk, og fleire av bidraga drøftar kva krava til kvalifiserte bokmeldingar lyt vere. Fire meldingar av same bok gir diskusjonsgrunnlag; boka er den prislønte "Eggg" av Stein Erik Lunde. Tekstanalysar og artiklar dreg opp utviklingshistoriske liner i norsk barne og ungdomslitteratur. Årboka har alltid eit vindauge mot utlandet, denne gongen er det Finland. Boka gir oversyn over viktige arrangement og over viktige institusjonar i norsk og nordisk barnelitteraturforskning. Den inneheld statistikkar, prisar, bibliografiar og nyttige adresser. Ei bok for lærarar, studentar, bibliotekarar, kulturarbeidarar, litteraturskribentar og forfattarar.