Ikkje ver redd sånne som meg

Essay

Ikkje ver redd sånne som meg

Sumaya Jirde Ali har markert seg som ei av dei fremste, fleirkulturelle unge stemmene i den offentlege debatten dei seinaste åra. I 2017 gav ho ut diktsamlinga «Kvinner som hater menn». Med utspring i samtalar mellom Jirde Ali og Suha Alhajeed, som kom til Noreg som syrisk flyktning, kjem no «Ikkje ver redd for sånne som meg». Her tematiserer Jirde Ali utanforskap, framandfrykt og å stadig vekk måtte svare for si eiga menneskelegdom, kvifor ein vel å bera hijab, og korleis det kjennast å stadig bli bede om å ta avstand frå terroråtak. Samstundes får me òg høyre Jirde Alis strategiar for å makte å stå i storma, utan å miste motet. Boka er ein del av serien Norsk røyndom. Omtalen er utarbeidd av Biblioteksentralen.
ForfatterSumaya Jirde Ali
Utgitt2018
Inngår i serieNorsk røyndom