Anbefales
Draumen om Abebe Bikila

Draumen om Abebe Bikila

reisebrev frå Etiopia

Dette er ei dokumentarbok frå og om Etiopia, eit land vi ofte høyrer om i nyhetene. I denne boka viser Sæter fram ei anna side av landet og vi får lese om store menneskelege ressursar. Lesaren får møte stolte enkeltmenneske med sterke livshistorier og stor viljestyrke og blant dei er den store løparkongen Haile Gebreselassie. For trass i at Etiopia er eit av dei fattigaste landa i verda, er det den overlegent beste løparnasjonen. Tittelen på boka viser til nasjonalhelten Abebe Bikila, som vann OL-maraton i Roma i 1960 berrføtt. Svein Sæter har tidlegare skrive 15 faglitterære bøker, mellom anna "XU" og "Operatøren".
ForfatterSvein Sæter
Utgitt2009

«Bortsett frå fyrste setning, er dette ei aldeles godt skreve bok.»

Levande skildringar av landskap og framifrå førhistoriske skattar. Rørande og artige møter med enkeltmenneske og deira levemåtar. Gripande livshistorier og forteljingar. Mykje kultur, passe mengd politikk og godt driv. Bikila spring som ein raud tråd i boka. Bikila, den første afrikanar som vann OL-gull, då han satt verdsrekord i maraton, BERRFØTT

Passer for deg som ...

liker gode reisebrev frå fjerne land du ikkje høyrer så mykje om elles

PerPerDeichman