
Tokulturlæra i norsk historie
I denne boka viser forfattaren korleis tokulturlæra blei brukt i kulturell og politisk strid i Noreg på 1800-talet, og kva innverknad ho hadde på nasjonsbyggingsprosessen. Oppfatninga av at Noreg var delt i to kulturar, sto sentralt i siste halvdel av 1800-talet. På den eine sida sto ein elite kjenneteikna av klassisk danning. Den hadde tilknyting til det danske skriftspråket, og familiære røter i utlandet. På den andre sida sto ei bondebefolkning med folkeleg kultur, norsk talespråk og familiære røter i Noreg. Jens Johan Hyvik har Ph.D i historie frå Universitetet i Oslo, og er førsteamanuensis ved Historisk institutt ved Høgskule i Volda.
| Forfatter | Jens Johan Hyvik |
|---|---|
| Utgitt | 2016 |
| Inngår i serie | Utsyn & innsikt |