Retten til meg
ungdomsroman
Vi møter Vetle, 12 år, foreldra hans, og mormor Besto, den Vetle er nærast knytt til. Foreldra blir skilde og går kvar sin veg. Faren er til sjøs, og mora er ofte ute og rek og har stundom besøk natterstid. Det blir ei vond tid, med m.a. alle dei tankane eit barn får ved ei skilsmisse. Kven si skylder det? Og kor skal Vetle vere? Det blir ikkje lettare når foreldra er særs usams og kjempar om retten til Vetle. Kven har retten til ein unge? Må han vere med mor si når han føler seg knytt til heimgarden Va og ho Besto? Boka har lite og tett skriftbilete. På eit fint sett, gjennom gode språklege bilete og godt språk, opplever vi korleis denne tida blir for Vetle.
| Forfatter | Johannes Heggland |
|---|---|
| Utgitt | 1993 |