Morkinskinna

Kongesagaer

Morkinskinna

norske kongesogor 1030-1157

«Morkinskinna» er eit fargerikt, dramatisk og humørfylt sagaverk om dei norske kongane etter Olav Haraldsson. Boka framstiller tankegangane og veremåtane til kongane og dei moralske dilemma som dei kjem opp i. «Morkinskinna» viser kongane i eit gunstig lys, men manglar ikkje nyanserike og sterkt kritiske skildringar av karaktertrekka deira. Konflikten mellom lojal teneste for kongane og personleg integritet kjem og fram, ofte i kraftfulle replikkar frå det kongelege hoffet. Innimellom finst det talrike stubbar med humor. Handlinga går føre seg både i Noreg og fjernt frå kystane i nord på Sicilia, i Konstantinopel og i Palestina. «Morkinskinna» skil seg frå «Heimskringla» av Snorre Sturlasson ved at den er meir omfattande, spesielt i portretta av Magnus den gode og Harald Hardråde. Her finn ein stoff som Snorre ikkje legg fram.
RedaktørTorgrim Titlestad
Utgitt2001