Diana

Biografi

Diana

Glamorøs, varm, engasjert, desperat, einsam, uelska av prinsen sin, men forguda av massane. Diana var prinsessa som vann hjarta til folket med det sjarmerande vesenet og engasjementet sitt. Ho brukte rolla si til å vekke merksemd kring viktige saker som Aids og svolt. I 1997 omkom Diana i ei tragisk bilulukke i Paris, og sjølv om ho er den mest fotograferte kvinna i verdshistoria, så er ho enno ei gåte. Denne boka banar veg inn i mylderet av fakta, fiksjon og rykte kring Lady Diana. Faktabok for ungdomstrinnet.
ForfatterIngelin Røssland
Utgitt2010
Inngår i serieIkon