Anbefales
I for internatunge

Roman

I for internatunge

roman

Ei var og brutal forteljing om å vekse opp på internat. Dette er forteljinga om Elis, Arno, Frans og Máret, som alle må reise frå heimen sin for å leve og bu i utrygge omgivnader på skuleinternat, langt vekk frå familie og omsorgspersonar - og om kor stygt barn kan behandle kvarandre.I for internatunge er eit innblikk i skulepolitikken i Finnmark på 1950- og 60-talet, då over ein tredjedel av alle barn i fylket frå sjuårsalderen blei plasserte på internat. Internatbygginga var motivert mellom anna av at alle barn skulle ha skulegang, og av ønsket om å fornorske den samiske og kvenske befolkninga.Solstad har skrive ein roman med vare, sterke og brutale historier om kva det kan gjere med eit menneske å vekse opp under ei slik emosjonell omsorgssvikt.
ForfatterRakel Solstad
Utgitt2019

«Tøff fortelling om ein fornorska barndom»

Eg las denne vaksenboka rett etter eg var ferdig med Lappjævel, som var for ungdom. Det gav meg ei endå betre forståing av den rasistiske fornorskinga, ikkje berre av samar, men òg andre nasjonale minoritetar. Boka gav òg eit innblikk i korleis barn av ulik bakgrunn vart plassert på rangstigen, og rasismen og mobbinga på tvers av bakgrunn.

Passer for deg som ...

vil lære meir om samane og fornorskinga

JonasJonasDeichman