Den myndige journalisten

Den myndige journalisten

korleis forstår jo[u]rnalisten sitt samfunnsansvar

Media er i dag felles arbeidsmarknad der journalistar kryssar tidlegare ideologiske skiljeliner og vandrar mellom ulike media. Vær Varsam-plakaten er pressefolks felles verdidokument, men kan journalistar i dagens medielandskap arbeide ut frå felles verdiar? Audgunn Oltedals utgangspunkt er at det framleis gjev meining ? uavhengig av den einskilde journalists politiske eller religiøse ståstad ? å spørje etter kva felles verdiar journalistar kan kjenne seg forplikta på. Oltedal meiner at journalistikkens grunnleggjande samfunnsoppdrag er å ta vare på menneskeverdet, og at dette kravet til journalistikken omfattar både journalistikkens arbeidsmåte og journalistikkens innhald. I staden for å forstå "samfunnsnytten" som grunnstrøket i journalistikkens sjølvbilete, så bør kamp for menneskeverdet vere grunnstrøket i journalistens sjølvforståing. Har litteraturliste.
ForfatterAudgunn Oltedal
Utgitt2001