Eg får aldri sjå verda igjen

Biografi • Selvbiografier

Eg får aldri sjå verda igjen

I september 2016 blir både Ahmet Altan og broren Mehmet arresterte i Erdogans angrep på den frie pressa etter det mislykka kuppforsøket sommaren 2016. Altan skal ha komme med grunnlovsstridige kommentarar, mellom anna gitt ei «underbevisst melding» til kuppmakarane då han kritiserte presidenten i eit prateshow på TV. Våren 2018 blir han dømd til fengsel på livstid. Han skildrar augneblinken då politiet kom og rettssaka, dommen og livet i fengsel. Eg får aldri sjå verda igjen er ei urovekkjande, men også poetisk og vakker bok, om Tyrkias veg mot diktaturet, om kampen for menneskeverd - og om litteraturen og fantasiens kraft. Omtalen er utarbeidd av Biblioteksentralen.
ForfatterAhmet Altan
OversetterGunvald Axner Ims
Utgitt2019