God dag, herr Jul

Roman

God dag, herr Jul

Malin og veslesøstera Molla har flytta inn i eit gammalt trekkfullt hus, i ein by dei så vidt kjenner utan pappa. Alt er annleis, men jula kjem vel uansett. Ifølgje onkel Thor kjem det heilt an på engelen Gabriel og ei rekkje andre ting om det i det heile blir jul. Lenger ned i gata bur Henrik, den spesielle guten som kan alt om ord. Malin undras på kvifor det heile tida landar nye juletre utanfor huset til naboen, og kva det er som gøymer seg der inne. Englane kan umogleg ordne alt åleine. Så Malin må trå til, saman med Molla og Henrik og fleire til. Dette er ei forteljing om jul, håp og korleis det skakke og litt triste kan bli fint. Forteljing for mellomtrinnet.
ForfatterLaura Djupvik
IllustratørÅshild Irgens
Utgitt2014