
De Doctrina Christiana
om kristen opplæring
Augustin (364-430) var nordafrikanar og voks opp i eit fleirkulturelt samfunn av berberar, fønikiske innvandrarar ogromerske erobrarar. Han levde i ei overgangstid med heile den klassiske danninga som bakgrunn, og underviste i retorikk i Kartago, Roma og Milano. Då han vart kristen, vendte han heimatt til Afrika der han seinare vart biskop. I "De doctrina christiana" skisserer Augustin ein ny retorikk til avløysing av den klassiske retorikken. Ut frå dei gamle tekstvitskapane drøftar han ein metode for lesing, tolking og forkynning av den bibelske bodskapen. Skriftet fekk avgjerande innverknad på kva som vart overlevert avden klassiske litteraturen. Hermund Slaattelid står for omsetjing, han har og skreve ei innleiing. Med litteraturliste og stikkordregister. Nyn.
| Forfatter | Aurelius Augustinus (teolog og helgen) |
|---|---|
| Oversetter | Hermund Slaattelid |
| Utgitt | 1998 |