
Jens R
den folkekjære teiknaren
Dette er ein minibiografi om Jens R. Nilssen, som i perioden 1905-1950 var ein av våre mest brukte teiknarar og illustratørar. Signaturen Jens R. er kanskje mest kjend som kunstnaren bak hefta om "Vangsgutane", "Smørbukk", "Tuss og Troll" og "Haukepatruljen". I tillegg laga han omslag og gjennomillustrerte barnebøker. Eldre lesarar vil også knyte signaturen Jens R. til heilt andre publikasjonar, då han frå 1905 til utpå 1950-talet var ein av dei faste medarbeidarane i fleire sentrale norske vittighetsblad, som "Hvepsen", "Humoristen" og "Karikaturen". Nynorsk.
| Forfatter | Herbjørn Sørebø |
|---|---|
| Utgitt | 2001 |