
Ulvens skugge
Kristian blir kjend med Gulcin som bur på flyktninghuset. Mor hans arbeidar der, og ho har spesiell omsorg for den unge, kurdiske jenta som bur saman med berre mannfolk. Gulcin har opplevd mykje vanskeleg, og ho fortel historiar frå heimlandet sitt. Stundom verkar det som ho identifiserar seg mykje med personane ho fortel om. Kristian blir forelska i den modne flyktningjenta, han vil hjelpe ho, også da han får vite at ho er gravid. Flyktninghuset blir 1g truga av rasistar frå bygda, og nervane til Gulcin blir ikkje betre av den grunn. Forfattaren har prøva å gi andlet til ein flyktning ved å for telje om venskapen mellom den vanlege norske guten og den kurdiske jenta. Berre tidvis er boka vellukka. Problema blir for store, menneska og tilhøva for kompliserte. Lesaren kjenner håpløysa og mismotet daden negative meldinga om opphaldsløyve kjem, og Gulcin mistar heilt kontakten med den verkelege verda.
| Forfatter | Erna Osland |
|---|---|
| Utgitt | 1993 |