
Ei hand full av stjerner
Hovudpersonen er ein ung gut som bur i Damaskus. Han skriv dagbok der han fortel om livet i byen, basarane, venene sine, forfølgjing, arrestasjonar ogom jenta han er forelska i. Som fjortenåring må han ta del i arbeidet i bakeriet til faren, men han går og på skule. I korte glimt deler han kvardagen med lesaren, han gjev og glimt av politisk forfølgjing og urettferd, vener blir sette i fengsel. Gjennom dagboka ser vi korleis ein motstandsmann veks fram, han grip ikkje til våpen, men til pennen - for det er journalist han vil bli. Boka har ei stakkato form, stillferdig i tonen ogkan synest grå og uvesentleg. Bodskapen er utvetydig og går som ein nerve gjennom heile dagboka.
| Forfatter | Rafik Schami |
|---|---|
| Utgitt | 1989 |