
Ei verd utanfor meg sjølv
Rutger Kopland er ein av Nederlands mest kjende poetar, han har fått fleire viktige prisar, og blir stadig oftare nemnd som kandidat til nobelprisen i litteratur. Kopland debuterte i 1966 og har gitt ut 13 diktsamlingar. Kopland snakkar til lesaren på ein inkluderande måte, med enkle ord og vendingar. Om dikta hans er det sagt at dei er lette å komme inn i, men uråd å komme ut av. Det er første gong Rutger Koplands dikt kjem ut på norsk. Dikta er i utval. Forord ved J. M. Coetzee. Gjendikta av Finn Øglænd. 109 s. Ib. 2005.
| Forfatter | Rutger Kopland |
|---|---|
| Oversetter | Finn Øglænd |
| Utgitt | 2005 |
| Inngår i serie | Samlagets gjendiktingar |