
Se ilden lyse over jord
roman
Ein mann i starten av sekstiåra vaknar på eit hotellrom i Aust-Europa. Han har drøymt om langrennsstafetten for herrar under OL på Lillehammer i 1994. Same dag som stafetten gjekk av stabelen døydde den eldste sonen hans. Seinare blir han skilt, og er overtydd om at han skal leve åleine resten av livet, heilt til dottera overtalar han til å skaffe seg ein facebook-konto. Der hamnar han på ei datingside og kjem i kontakt med Kataryna frå Kviterussland. No er han i Minsk, med klare planar om å forføre denne kvinna som han trur han elskar.
| Forfatter | Nils Henrik Smith |
|---|---|
| Utgitt | 2014 |