
Mennesket
Spørsmålet om kva mennesket er og ikkje er, går som ein raud tråd gjennom Hans Skjervheims forfattarskap: Det rommar ein kritikk av objektiverande tolkingar i filosofien, i vitskapane og vitskapsbaserte profesjonar, og opnar for ein regimekritikk som råkar både teknokratiske "modernistar" og halvstuderte "post-modernistar". Skjervheim (1926-1999) er ein av Norges framste filosofar og essayistar, denne samlinga er redigert av Jon Hellesnes og Gunnar Skirbekk. Essaya i denne boka er tidlegare publisert i ulike tidsskrift og bøker. Notar. Nyn.
Forfatter | Hans Skjervheim |
---|---|
Redaktører | Gunnar SkirbekkJon Hellesnes |
Utgitt | 2002 |
Inngår i serie | Filosofisk essayistikk på nynorsk |