Synd.no

Antologier • Noveller

Synd.no

"Synd.no" er ei bok i grenselandet mellom sakprosa og skjønnlitteratur. Her har sju forfattarar brukt dei sju dødssyndene som inspirasjonskjelde for ei forteljing om her og no. Å føle uhemma lyst strøyme gjennom kroppen, å vere litt misunneleg når du treffer ein av dei irriterande gutane du gjekk på gymnaset saman med, som no har slått seg litt opp, eller å bli skikkeleg sint på dei ekle brørne sine - er det synd eller er det rett og slett sunt? Kva med å vere så gjerrig at du nektar å gi tilbake flaskepanten, eller å fråtse i god mat og dyre vinar, eller å vere litt hovmodig for å vise at det faktisk er du som har rett? Eller å kjenne det lette sløvsinnet kome når du køyrer bil gjennom Østerdalen og ser berre granskog og granskog og granskog? Bidraga kjem frå Marit Eikemo, Einar Gelius, Frode Grytten, Ragnar Hovland, Are Kalvø, Bjørn Kvalsvik Nicolaysen og Ragnfrid Trohaug. Forhåndsomtale. 2001.
Utgitt2001