Med "bil" i Norden i 100 år

Med "bil" i Norden i 100 år

ordlaging og tilpassing av utalandske ord

Det danske ordet "bil" hadde 100 års jubileum i 2002. "Bil" er blitt eit fellesord for alle dei nordiske språka, eit ord som ingen andre språk brukar. Mykje av det nordiske språksamarbeidet dreier seg om å styrke språka våre. Denne boka tar opp korleis vi kan arbeide med den språklege støypeskeia, både med å lage nye ord og å tilpasse utalandske ord til det heimlege språket. Det blir diskutert kor vellukka slike ord er, og kva som gjer dei vellukka. Forfattarane kjem frå Island, Færøyane, Noreg, Danmark og Sverige, og dei fortel såleis om situasjonen i alle dei nordiske språka. Litteraturlister.
RedaktørHelge Sandøy
Utgitt2003
Inngår i serieModerne importord i språka i Norden