Sigd

Dikt • Historisk

Sigd

dikt

På ein gard i ei lita vestlandsbygd på 1800-talet blir Endre fødd som odelsgut. Det fins ikkje tvil - han skal vere som faren og fedrane før han. Han giftar seg etter kvart med Abelone og tek over garden. Framtida ser ljos ut. Men så blir Endre alvorleg sjuk, og garden må seljast. Kva har Endre å leve for no? Kven er han når han har mista plikta han er fødd til? Så kjem bøkene frå andre sida av havet og tek Endre med ut i verda. Sigd er ei forteljing i dikts form. Ho fortel om eit enkelt, men samstundes storslått liv, om dørene bøkene kan opne og om kjærleiken. Ruth Lillegraven fekk Brageprisen i 2013 for diktsamlinga Urd. Omtalen er utarbeida av Biblioteksentralen.
ForfatterRuth Lillegraven
Utgitt2016