Du var så vakker over meg
roman
ISBN 82-521-4528-0 Denne romanen er ei intens skildring av eit forhold med innkrøkte, utydige bindingar og forvirrande sterke kjensler. Første tida syns Eva det er spennande, men ho veit ikkje om ho verkeleg ønskjer å bli fornedra og pint slik av den nye elskaren. Likevel må ho stadig oppsøkje han. Korleis er så denne vakre, vene, kjære, forferdelege mannen, som forteljaren seier ho er ferdig med, men som ho likevel dediserer teksten til? Kva ligg i gapet mellom den seksualiteten ho gjennomfører og den ho eigentleg ønskjer? Er detikkje slik at ho sjølv gir seg over til desse mørke og smertesame lystene?
Forfatter | Liv Nysted |
---|---|
Utgitt | 1995 |