
Berøringsstrofer
Dette er ei diktbok for blinde og sjåande kor teksten er skriven både i braille og i vanleg skrift. Den vanlege skrifta kan kjennast med fingrane. Dei to skriftspråka står side om side, og mange stader blandast dei. Slik må lesaren sjølv leite seg fram i teksten og skape ny samanheng. I dette høvet er det dei som berre ser med auga som er hindra i å sjå heilskapen. Dikta er skrivne av Ivar Orvedal, og Randi Strand har laga bileta i braille
| Forfattere | Randi StrandIvar Orvedal |
|---|---|
| Utgitt | 2012 |
| Inngår i serie | Leser søker bok |