Anbefales

Jenta
I denne oppvekstromanen frå DDR møter vi ei tenåringsjente. Ho er tøff og raskast i klassa. Ho elsker bøker og er god til å fortelje og få dei andre til å le. Men jenta veks opp i ein ustabil familie, med ein fråverande far og ei alkoholisert og kjenslekald mor. Jenta prøver å rømme frå alt som omgir henne: familien sitt tyranni, dei systemtru lærarane og den autoritære staten. I denne forteljinga møtes ytterpunkta. Det sterke treff det svake, det støyande det stille.
| Forfatter | Angelika Klüssendorf |
|---|---|
| Oversetter | Øystein Vidnes |
| Utgitt | 2013 |
