Den svartkledde jenta

Roman • Grøssere

Den svartkledde jenta

Hanna er på veg heim frå kjærasten Leo. Ved eit fråflytta hus dukkar det opp ei jente bak henne. Jenta tek til å følgje etter Hanna. På brua set ho i eit grufullt skrik, før ho brått forsvinn. Neste natt skjer det same. Hanna undrar på kven denne svartkledde jenta er, og kvifor ho oppsøker Hanna, for ikkje å snakke om kor det forferdelege skriket kjem frå. Serien «Grøss og gru» utgis i samarbeid med Leser søker bok. Grøss for mellom-/ungdomstrinnet. Omtalen er utarbeidd av Biblioteksentralen.
ForfatterA. Audhild Solberg
Utgitt2019
Inngår i serieGrøss og gru