
Heavykatten
samlealbum
Dette er ei samleutgåve av trilogien om Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillipsom vankar på same kafé. Dei er svært ulike typar og kjem ikkje alltid like godt overeins. Men dei finn kvarandre tross skilnadene. Statens bibliotektilsyns rådgivende utvalg for barne- og ungdomslitteratur skreiv blant anna om den første boka i serien: "Figurane i boka er karikaturar, samstundes har dei trekk frå det dyret dei er. Sammenstillinga gir ein humoristisk effekt og parallellen til mellommenneskelege tilhøve gir stoff til ettertanke. Dialogar og skildringar er fyndige og treffande. Somme stader nyttar forteljaren omgrep som ein må vere vaksen for å forstå. Illustrasjonane i svart/kvitt står godt til teksten."
| Forfatter | Roald Kaldestad |
|---|---|
| Illustratør | Ella K. Okstad |
| Utgitt | 2004 |