Dagen utanfor

Bildebok

Dagen utanfor

Farfaren til Jon er død. No undrar han på korleis ein kan trøyste nokon som har mista ein far. For faren treng også trøyst, og han treng Jon. Den uvanlege dagen då Jon skal i gravferd til farfaren er illustrasjonane i gråtonar, og står i kontrast til dei fargerike illustrasjonane som speglar den vanlege kvardagen til alle dei andre der ute. Dette er ei poetisk forteljing om å mista farfaren sin, om ei daud humle som gir trøyst, og om uvanleg grå dagar i livet. Boka handlar om å takle sorg, finne trøyst og vera der for kvarandre. Ho handlar òg om å forstå noko så ukonkret som døden. Forteljing for førskolebarn/småskoletrinnet. Omtalen er utarbeidd av Biblioteksentralen.
ForfatterStina Langlo Ørdal
IllustratørStina Langlo Ørdal
Utgitt2017