
Den som ikkje har gøymt seg no
I denne boka får vi innblikk i Odd sitt skuleliv, familieliv og venneliv. Alt har eigentleg utgangspunkt i eit merkeleg dødsfall ? ei gammal dame kan ha fått ein ball i hovudet og dødd av det. Like etterpå dør også den vaksne sonen hennar. Huset hans brenn ned og han blir funnen i brønnen saman med ei mengd eple som flyt nede i der. Det er Odd som har kasta epla ned i brønnen. I følge forlaget er dette ei underhaldande gutebok med underfundig humor. Nynorsk tekst. 223 s. Ib. 2004.
| Forfatter | Arnfinn Kolerud |
|---|---|
| Utgitt | 2004 |