
Skrifter i samling
10. Vegar og villstig ; Ettermæle
Innimellom bøkene i Medmennesketrilogien gav Duun ut novellesamlinga "Vegar og villstig" (1930) og romanen "Ettermæle" (1932). Novellesamliga inneheld Duuns beste noveller og er eit hovudverk i denne sjangeren i norsk litteraturhistorie. "Ettermæle" er ei bok som nyttar kjende grep frå kriminallitteraturen. Eit mistenkeleg dødsfall har funne stad, og så blir trådane nøsta opp bakover i tid. Språkforma i denne serien er noko normalisert.
| Forfatter | Olav Duun |
|---|---|
| Utgitt | 1997 |