
Det nye organisasjonssamfunnet
demokrati i omforming
Denne boka er ein analyse av utviklinga i det lokale organisasjonssamfunnet med hovudvekt på perioden etter 1980. Forfattarane argumenterer for at endringar i organisasjonssamfunnet er knytte til utviklingsdrag elles i samfunnet, ikkje minst til auka individualisering, endringar i kjønnsrollene og teknologiske endringar. Men endringar i organisasjonssamfunnet vil på den andre sida ha konsekvensar for kva sivilsamfunn og demokrati vi får. Dei endringane som skjer no, er så omfattande at det kan vere rett å snakke om eit demokrati av ein ny type. Denne boka rettar seg mot alle som er med i organisasjonssamfunnet lokalt og sentralt: medlemmer, leiarar, politikarar og byråkratar. Boka vil vere av særleg interesse for studentar i statsvitskap, historie og sosiologi.
| Forfattere | Dag WollebækPer Selle |
|---|---|
| Utgitt | 2002 |