Anbefales
Tonje Glimmerdal

Roman

Tonje Glimmerdal

Tonje Glimmerdal er snart ti år og einaste ungen i Glimmerdalen. Ho er den tøffaste jentungen dalen har sett sidan dei vaksne tantene hennar herja på ski mellom fjella. Med fart og sjølvtillit set Tonje utfor dei brattaste heng i fjella. Gunnvald, ein blind felespelar på 70 år, er Tonjes beste venn. Dei to kjenner kvarandre godt. Men ein dag då Gunnvald er på sjukehus med broten lårhals, oppdagar Tonje at Gunnvald har ein løyndom han ikkje har røpt for ho. Det dukkar nemleg opp ei vaksen dame som seier ho er dottera til Gunnvald og at ho ikkje vil sjå far sin, men selje garden til sleipe Camping Haagen. Far og dotter har ikkje sett kvarandre på 30 år, men dei er begge flinke felespelarar. Tonje forstår at ho må handle fort for å berge garden, men først må ho få far og dotter på talefot att. Nynorsk tekst. Roman for mellomtrinnet.
ForfatterMaria Parr
IllustratørÅshild Irgens
Utgitt2009

«Fart og sjølvtillit!»

Tonje er tøff, snart ti år og har ein bestevenn på 74 år. Syns du det høyrest kjedeleg ut? Eg kan love deg at det er det ikkje! Eg ler av den teite Klaus Hagen som ikkje likar barn og korleis ein kan ake frå toppen av Glimmerdalen heilt ned til ferjekaia.

Passer for deg som ...

lengtar til heimdalen din.

Anne ElisabethDeichman