April

Romaner

April

April, frå boka Jenta, prøver å finne sin plass som ung vaksen i eit samfunn der tryggleik og undertrykking går hand i hand. Sidan ho er vanskelegstilt får ho tildelt ein stad å bu og ein jobb å gå til. Også menn kastar seg i armane hennar. Men kva om ho ønskjer seg noko anna enn det som blir bydd fram? Ho tar del i eit stille opprør, og ønskjer å bryte seg fri og dra til den andre sida. Men er det så annleis der? April gir eit usminka bilete av korleis det var å vera ung og annleis i Aust- og Vest-Tyskland på 1970- og 1980-talet. Boka er ein frittståande oppfølgar til Jenta (2014), men kan lesast som ein sjølvstendig roman.
ForfatterAngelika Klüssendorf
OversetterØystein Vidnes
Utgitt2015

Relaterte temalister (1)